søndag 24. mai 2009

Normalisering av Vallemål

Maten er ikkje så viktig når ein først er mett og har noko, men først ein er svolten og ikkje har matbiten, da er han det viktigaste i verda for oss. No går me til butikken og møter stappfulle hyller. Dei fleste tenkjer ikkje på kven som har skaffa maten, kor mykje arbeid og innsatsfaktorar det krevst.
Men vi skal ikkje langt tilbake i tida før alle mann skaffa maten sjølv, i alle fall på bygda. Og da var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kvardagsmaten var brød og graut, graut og brød. Men til jul hadde dei noko godt og spesielt til mat. Og da var det mange som reiste til fjellet for å fange fisk, dersom dei då ikkje hadde vore i bekken og fanga fisk.
Julefisken skulle helst vere stor og raud, og kome frå høgfjella. Før jul hadde folk god tid og kunne vere borte nokre dagar. Husa var kalde og dagane stutte, så ein måtte kle seg godt og tulle seg inn med ullteppe og skinnfeller eller sengeteppe om nettene. Med eld som flakka på tømmerveggane, vart det fortalt mang ei soge dei lange kveldane.

ll-dd eksempel: stappfudde- stappfulle
Kjønnsbøyde taleord
Høytone: Åkkå
Sterke verb i presens: kjeme, søve
e-infinitiv: å heve
bygdi
nektingsord: inkji
Bruk av dativ: frå norrøn
eg site i bilæ

Ingen kommentarer: